torsdag 13. mars 2014

Telefoniske tilbakeblikk


Ålesund - slik byen såg ut på den tida da den første telefonen kom hit. (Foto: Aalesunds Museum)

 Å ringe er ikkje kva det var – lenger. Det var det likevel ganske lenge. Fram til kanskje for ti, kanskje for 20 år sidan. Det kjem an på korleis ein reknar det. Så vidt eg hugsar tok dei første mobiltelefonane til å dukke opp på byrjinga av 90-talet. Nokre blytunge beist var dei. Dei måtte berast i ein bag, og dei kosta ein formue. Så noko vidare utbreiing, det fekk desse telefonane aldri.

Langt tryggare då med den velprøvde, grå 67-modellen. Den hadde både plystretone og eige bord i entreen. Plasseringa var nøye uttenkt. For her måtte alle som stakk innom, ta underet i augesyn, før dei kunne tre inn i stova.


Ei tante i Kristiansand
For sjølv om vi hadde telefon heime, var den av den heilsvarte femtitalsutgåva; med røret festa til ein leidning av det slaget som stadig snurra seg rundt seg sjølv. Og som difor med jamne mellomrom måtte greiast opp i – som ein annan garnvase. Å snakke i ein slik ein, det gjorde vi berre ein sjeldan gong; når ei tante til dømes ringte for å ønske god jul eller fin fødselsdag. Gjennom røret hørtest samme tanta ut som ho hadde eit eller anna uforklarleg virus på stemmebandet. 

Når eg så trefte henne att i levande live, snakka ho tilsynelatande heilt vanleg. Det måtte difor vere telefonen som vrei stemma henna til det bortimot ukjennelege. Teknikken var altså ikkje perfekt – konkluderte tiåringen verdsvant.

– Det var fordi ho ringte heilt i frå Kristiansand, sa foreldra mine. Og sjølvsagt godtok eg det. Kristiansand var jo uvanleg langt unna. Om lag som på ein annan planet! I alle høve verka det slik for ein gutunge i Ålesund på 60-talet.

Eit teknologisk under
67-modellen - eit teknologisk under!
Men så kom altså 67-modellen. Og ei anna tid vart innleia. Ein lågmælt, nærast unnskyldande, plystretone møtte meg da eg ein dag i dette året steig inn i entreen i huset til ein kamerat. Som i transe vart eg ståande. For å lytte – og for å sjå: For ikkje berre var dette teknologiske underet utført i kledeleg grått – i staden for den svarte saken som så lenge minnet mitt rakk hadde vore synonymt med denne gjenstanden. Men det var meir enn fargen, mykje meir: Smekre, avrunda former, gjennomskinleg talskive mot raud botn og, kanskje det mest imponerande av alt: ein leidning som var spiralforma, nett som ei anna springfjør.

Denne makelause løysinga gjorde jo faktisk at telefonrøret kunne løftast mykje lenger bort frå sjølve apparatet enn lengda på leidningen skulle tilseie. Og i den grad leidningen skapte floke, var ei slik langt enklare å løyse opp i enn dei tidlegare utgåvene hadde vore. Dessutan, best av alt: Springfjørforma gjorde at heile innretninga endra karakter: Ikkje lenger berre ein klumpete sak som var naudsynt dersom ein ville bli høyrt lenger unna enn det den menneskelege røysta rakk. Telefonen kunne frå no av òg reknast som pynt: Ein teknologisk prydgjenstand som helste besøkande velkommen, der den residerte på sitt faste bord i entreen. Samtidig signaliserte 67-modellen at her i huset var det meste på stell: både når det gjaldt velstand, når det gjaldt teknologisk medvit, og, ikkje minst, når det gjaldt  å forsere dei, på den tida, endelause telefonkøane.

Møtet mitt med den grå 67-modellen munna difor ut i ein klar og eintydig konklusjon: Dette måtte vere høgdepunktet når det gjaldt samband mellom menneske. Lenger gjekk det nok ikkje an å nå. Og, kvifor skulle no det kunne ha noko føre seg? Det var vel nok, no?

For telefonen hadde jo på dette tidspunktet allereie ei svært så lang utvikling bak seg. Nesten hundre år – for å vere presis. Det vil seie, tilbake til 1870-åra:

Ein ålesundar i Filadelfia
1870-åra var rik på tekniske nyvinningar. Det var separatorar og 4-takts forbrenningsmotorar. Det var automobil og elektrisk bane. Det var glødelampe. Det var fonograf. Og det var telefon:

Noko slikt som dette var det visstnok at Bell synte fram i Filadelfia i 1876.
På verdsutstillinga i Filadelfia, USA, i 1876, var det at Alexander Graham Bell synte fram oppfinninga si, telefonen, for første gang offentleg.  På denne utstillinga var òg den raskt veksande fiskeribyen Ålesund, representert. Det var handelsforeininga i byen som hadde tatt initiativet til deltakinga. Bidraget frå Ålesund bestod av ulike fiskereiskap og modellar, i tillegg til smaksprøvar av ymse fiskeprodukt.

Deltakinga på Filadelfia-utstillinga kom til å få innverknad på utviklinga av næringslivet i Ålesund – og det på fleire vis: Medisintran spesielt, men òg klippfisk og andre fiskeprodukt vart gjort kjent i nye marknader. Deltakarane fekk med seg heim ny kunnskap om driftsmåtar og om reiskapsbruk.

Ein av deltakarane sytte dessutan for å ta med seg noko heilt anna, heim til Ålesund:



Joakim Anderssen var forretningsmann og dansk visekonsul i Ålesund. Anderssen var oppnemnt som fagdommar for fiskeridelen av Filadelfia-utstillinga. Det som likevel gjorde sterkast inntrykk på ham, var da han såg Alexander Graham Bell syne fram dei aller første telefonapparata.

I si bok «Ålesunds-telefonens historie» (1946) har Odd Vollan skildra det som skjedde:

«…Det lyktes ham (Anderssen) å få tak i to telefoner, som han sendte heim til Ålesund til sin 16-årige sønn Jens. (…) Konsul Joak. Anderssen hadde hus i Skaret, der Skaregata no krysser Storgata, og der ble sannsynligvis den første telefonsamtale i Norge ført…»

Nokre år seinare vart denne guten, Jens Bull- Anderssen, intervjua om saken. Han fortale da mellom anna:

«…Det var ikke rare greiene. Vi plasserte apparatene i to bygninger, og det var bare så vidt vi kunne høre hverandre…»

Desse apparata hadde ikkje mikrofon. Ein måtte dermed snakke og lytte i same trakt. Alt året etter – altså i 1877 – fekk ein kopla Bells sitt lytteapparat til Thomas Alva Edisons sin nye mikrofon. Dermed fekk ein dei første brukbare telefonapparata. Men da var altså nyvinninga alt teken i bruk i Ålesund.

90 år seinare synte telefonen seg som eit under, og statussymbol, i grått plastmateriale. Som blikkfang i ein velsituert heim. 

Og i dag? I dag er telefon noko vi helst nyttar til alt anna enn samtalar. Og leidningar; dei er som kjent berre til opplading…



Avlutningsvis ein romantisk hyllest til sentralborddamene. Sentralboddamene såg til at alle samtalar gjekk der dei skulle gå - men vart til slutt innhenta av den teknologiske utviklinga, dei óg: 

)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar