lørdag 7. desember 2013

Livbåten frå "Bergholm"

"Bergholm" og livbåten i  fredeleg farvatn.
(Bilete er henta frå Frithjof Sælen: "Sjetlands-Larsen". 1947)

Kr. 5000,- i belønning loves den som kan gi opplysninger som fører til pågripelse av 7 menn i en kvitmalt livbåt.

Slik stod det å lese i Sunnmørsposten onsdag 30. mars, i krigsåret 1943. Det var dei tyske okkupantane som stod bak etterlysinga.  

Uka før hadde dei etterlyste mennene, eller rettare: unggutane, vore fire døgn om bord i ein liten robåt, på flukt frå tyske soldatar. Ei strekning på 250 km hadde dei lagt bak seg da dei endeleg la til ved kaia i Søvika, nord for Ålesund. Alle hadde dei meir eller mindre alvorlege skadar etter åtaka dei hadde vore utsett for. Éin var allereie død. Mens tyske styrker saumfarte området, måtte dei halde seg i skjul i mange, lange døgn før berginga kom.

Ein kjerne i mest all samferdsle på Sunnmøre gjennom tidene.  Det representerer dei; båtane som i dag er stilt ut på Sunnmøre Museum i Ålesund.  Samlinga ved museet omfattar farkostar som vart nytta til det meste: På besøk til naboar eller ein tur til handelsmannen. Frakt av dyr, frakt av gods. Og ved sjeldnare høve: til kommunestyremøte, til bryllaup, dåp eller gravferd: båten var middelet for å komme seg til og frå.

Livbåten frå "Bergholm", utstilt på Sunnmøre Museum.

Mange ulike typar bruksbåtar er samla ved museet. Alle bærer med seg ulike historier. Éin båt skil seg likevel ut. Litt for seg sjølv står den, og kviler mot ein vegg. Å kvile er noko den fortener meir enn dei fleste andre - livbåten frå "Bergholm". Denne kvitmala farkosten har nemleg vore med og berga sju mann frå drukningsdøden. 
                                                        -----

Det var om ettermiddagen. Det var måndag 22. mars. Det var i det beksvarte krigsåret 1943. Fiskeskøyta "Bergholm" var på veg tilbake til basen sin på Shetland. «Bergholm» hadde vore på Træna i Nordland og levert våpen og ammunisjon til ei motstandsgruppe der. Leif Larsen, "Shetlands-Larsen", var skipper. Med seg hadde han Anders Færøy, Odd Hansen, Johannes Kalve, William Enoksen, Nils Vika, Finn Clausen og Gunnar Clausen. Til saman altså åtte mann. 


Flyangrep
Om lag 100 nautiske mil nordvest av Frøya vart båten oppdaga av eit tysk rekognoseringsfly. Fire timer seinare braka det laust: To store to-motors flybåtar går til angrep. I si bok «Sjetlands-Larsen» skildrar Frithjof Sælen angrepet:

«…Brølet fra de to flymotorene stiger til et vilt crescendo som menger seg med eksplosjonene fra småkalibrede granater og kviningen fra mitraljøsekulene, karene skyter som galne mens blyskuren fra flyene slår mot skuta, splintrer treverket så trefliser og metallstykker hvirvler om ørene på dem, borer seg inn i dekket, pløyer furene bortover og lager små flise-kratere i plankene. Det er en helvetsmusikk uten like…» (s. 298)
Leif Larsen (1906 - 1990)

 Fleire bomber vart også sleppt over "Bergholm", men ingen treff. Mannskapet forsvarar seg tappert, med dei våpna dei har tilgjengelege. Dei får inn nokre treff dei òg. Og etter 35 uendeleg lange minutt trekk flya seg tilbake. Av dei åtte om bord er berre to uskadde. Og «Bergholm» har fått så hard medfart at dei er usikre på kor lenge han vil halde seg flytande.

Det tok no til å bli mørkt, så dei kjente seg trygge for fleire angrep den dagen. Og motoren gjekk framleis, trass i dei skadane som skuta har fått. Men den trygge dunkinga heldt fram berre ei kort stund. Så stogga motoren. Da høyrte dei det: Vatn risla inn i båten. Dei var i ferd med å gå under!  Gode råd var no verkeleg dyre!

Det fanst ein livbåt om bord. Livbåten var gjennomhola av kuler, og soleis lite sjødyktig. Kaptein Larsen såg likevel ingen annen utveg enn å forsøke å tette hola så godt det let seg gjere. For livbåten var deira einaste von.

Så karane sette i gang. Frå tomme hermetikkbokser skar dei blikkplater som dei dekte kulehola med. Stykke av seglduk vart dytta inn i hola. Til sist smurde dei grease på for å gjøre båten så tett som mogleg.

Arbeidet tok fleire timer, og først kl. 2, natt til tysdag, låra dei livbåten. Like etter sank "Bergholm".  Alle hadde klart seg – så langt. Men fleire var hardt skadde, og berre tre var friske nok til å ro. Kvar av desse måtte ta tørn med årene i fire timer, før dei fekk kvile i to.

Båten tok heile tida inn vatn. Dei som var minst såra, måtte hjelpe til med å ause. Nils Vika hadde dei mest alvorlege skadane. Han døde om bord i livbåten.


Til Sunnmøre
Etter fire døgn, der dei delvis hadde rodd og delvis sigla, og der dei fleire gongar heldt på å bli oppdaga av fienden, kom mannskapet seg altså inn til kai i Søvika. Klokka var to, natt til laurdag 27. mars.

Livbåten, trygt på land på Torholmen.
Larsen klarte å ta seg fram til huset til Lars Søviknes, som han kjente frå før. Søviknes mente at den sikraste skjulestaden i området ville vere på Torholmen. Etter å ha rodd i ytterlegare ein time, kom dei fram dit. Her vart det utmatta mannskapet teke hand om av Lars Torholm.


I åtte døgn heldt mennene seg i skjul på Torholmen. Sidan vart dei flytta til Vigra. 
Frå Vigra vart dei frakta til Skorpa, der Gerhard og Jon Skorpen tok hand om dei. Etter fem døgn i sommarfjøsen på denne litle øya ytst mot havet, vart mannskapet frå «Bergholm» plukka opp av ein norsk ubåtjagar.

Shetlands-Larsen ved livbåten som berget livet hans.
(Foto: Sunnmørsposten. Hentet fra Gavlen 3/1986)

Den 12. april var dei dermed trygt tilbake på Shetland.  Livbåten deira vart igjen på Sunnmøre. Den låg gøymt på Torholmen til krigen var over. Seinare vart den gitt til Sunnmøre Museum. Og i dag er den altså utstilt der.

                                                         ----


Femti år seinare - den 11. juni 1993, var nokre av mennene frå "Bergholm" tilbake i livbåten igjen. Omkring dei står nokre av hjelparane frå dei dramatiske dagane i 1943. Frå venstre: Johannes Kalve, Finn Clausen og Andreas Færøy. På utsida står m. a. Lars Torholm, Sverre Roald (delvis gøymd), Asbjørn Røsvik og Palmar Bjørnøy.

(Henta frå Sunnmørsposten 12.06.1993. Foto: Peter Hesseberg.)










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar