fredag 25. mars 2011

Boka om Karl Straume

Karl Straume: Sjølportrett (1967)
Det var ein av desse grå dagane i mars. Ein av dei dagane da våren eigentleg burde ha vore på plass – men framleis let vente på seg. På slike dagar er det som om hausten jobbar langt på overtid - og syt for at stirrige stormkast og rause regnskurar flat-trakkar alle tilløp til snøklokker og krokus-spirer, og dempar begynnande fuglesong til noko som knapt kan høyrast. Ein slik dag var det at ei bok datt inn døra. Boka var skrift nr. 19 frå Hovdebygda soge- og velferdslag, utgjeve av ein komité med Roar Rønning som redaktør, og bar tittelen “Kunstmålaren Karl Straume (1877- 1968)”


Boka vekte interesse utover det vanlege – og gråveret vart snart gløymt. For vi som held til her på Sunnmøre Museum, blir dagleg mint om denne Karl Straume: På veg til kontoret passerer eg nokre av dei tresnitta med motiv frå “Kjende Sunnmørsheimar”, som han laga i 1929. Og tek eg meg ein tur i friluftsmuseet, ligg Ørsta-tunet der som eit synleg prov på Straume sin innsats for å ta vare på kulturarven her i regionen. På 30-talet var det nemleg han som tok initiativ til å få flytta eit titals gamle hus frå heimbygda, og bygd dei opp att på museumsområdet.
Ørstatunet i Borgundgavlen

Som museumsmann var det likevel i heimbygda Ørsta at Karl Straume sette dei sterkaste spora etter seg: Samlinga av gjenstandar, bøker og anna skriftleg materiale som fanst etter Ivar Aasen, hadde blitt teke vare på i eit hus på Aasen-garden. Huset var lite og langt frå egna til formålet. I åra før krigen engasjerte Straume seg sterkt i arbeidet med å få reist eit nytt, eldsikkert bygg til denne samlinga. Og den 4. august 1946 stod bygget ferdig.

Karl Straume vart vald til formann i styret for det nyskipa Aasen-museet. Dette vervet hadde han fram til 1967. Straume var da 90 år gamal, og foreslo sjølv sin etterfylgjar, Jens Kåre Engeset. Engeset er òg den som skriv biografisk om sin sambygding i denne boka. Ei bok som elles inneheld artiklar som ser nærare på kunstnaren, kulturberaren og samfunnsdebattanten Karl Straume.

I artikkelen Musketer med pensel – Karl Straume i spaltene, tek Skjalg Longva for seg Straume slik han stod fram i det offentlege rom. Og i ei tid der dette med å “by på seg sjølv” gjer seg så ymse, mediemessige utslag, er det både underhaldande og interessant å sjå korleis ein som skulle brødfø seg sjølv og familien som kunstnar i ei bygd på Sunnmøre midt i førre hundreåret, visste å skape sin heilt særeigne mediestrategi. For: skulle Straume leve av kunsten, måtte han ha eit publikum. Og: for å skaffe seg det, måtte han bli kjent; utafor heimbygda sjølvsagt, men også utafor Sunnmøre. Dermed vart ofte utstilingsturnear kombinert med ein tur innom avisredaksjonen på staden. Eit besøk hos Bergen Aftenblad ein gong i mellomkrigstida, vert til dømes slik skildra av journalisten som tek imot han:

“…Det kommer en sydlandsk utseende mand inn på redaksjonen. Ved første øiekast kan han godt tas for en landflyktig russisk storfyrste, en italiensk professor eller en tysk filosof. Det viser sig imidlertid å være portrettmaleren Karl Straume fra Ørstad(!) på Sunnmøre…”
Frå Bergen (u.å.)
( Skannaren yter slett ikkje fargane i bileta rettferd.
 Det er òg ein grunn til å kjøpe denne boka!)

Trass i ei nok noko spesiell framtoning; noko bygdeoriginal verkar det likevel ikkje som Straume vart rekna som. Snarare sit eg med det inntrykket at han vart sett på som ein mann med sterke meiningar om mangt og mykje. Ein som var modig og direkte – og som hadde evne til å formulere seg klart og tydeleg om mange tema.

At Karl Straume var respektert rundt omkring i dei mange avisredaksjonane, både for sin kunst og for sitt samfunnsengasjement, vitnar det omfangsrike utklippsarkivet han etterlet seg, om. I høve 90-årsdagen i 1967 fann da òg Aftenposten det rett å sette av det meste av ei heilside til jubileumsomtalen.

Jens Kåre Engeset sin biografiske artikkel ber undertittelen “ein fargesprakande figur”. Karakteristikken speglar seg i mange av maleria frå Karl Strauma si hand. Slik sett var det nok òg fargane i boka som fanga mi merksemd - og som makta å legge ein visuell verknad av vår over ein elles grå dag i mars.

Hagen til Karl og Ingeborg Straume (1946).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar