fredag 22. februar 2013

Fotefar etter Garborg


Jæren: Steingardar møter hav. Obrestad Fyr i bakgrunnen.
Skodda heng lågt over det eldgamle kulturlandskapet på Jæren, men med blå fargeklattar i blant. Steingardar i ulike nyansar av grått. Dei strekar terrenget opp. Som urokkelege forteljingar frå ei anna tid. Ei tid langt, langt unna den oljeøkonomien som smørjer velstand utover området i dag. Når ambisjonen er å finne fotefar etter Arne Garborg, verkar slike omgivnader som om dei skulle ha vore skapt av forfattaren sjølv.


Garborgheimen, i Time kommune på Jæren.

Visstnok er han, saman med kona Hulda (1862 – 1934), den nordmannen som har fått flest museum etter seg; diktaren, forfattaren og samfunnsrefsaren Arne Garborg (1851-1924). Både i Asker, i Østerdalen og her på Jæren finst det samlingar knytt til deira mangfaldige liv og virke. Nokre innblikk i dette imponerande mangfaldet, er målet vårt denne skoddetunge tysdagen sist i januar.

Første stopp er Garborg-heimen; eit lite, kvitmåla hus. Her vart Arne Garborg fødd, og her veks han opp. Pietismen råda i heimen. Salmebøker og religiøse skrifter var det som fanst av lesestoff. Kunnskapshungrig som han var, fann ungguten Arne likevel fort vegen til andre boksamlingar. Det vert sagt at guten var "boksjuk fødd". Så Garborg skjøna nok tidleg at det å ta over garden var lite aktuelt, sjølv om han var odelsgut.  

Etter ei tid som hjelpelærar, gjekk Arne Garborg i åra 1868 - 70 på lærarseminaret i Holt ved Tvedestrand. Og det var her han fekk melding om at faren hadde teke livet av seg. Sjølvmordet til faren var ei hending som kom til å prege Garborg sterkt - både i liv og i dikting. I romanen "Fred" til dømes, utgitt i 1892, dannar pietismen frå oppveksten, og denne tragedien, eit tydeleg bakteppe for handlinga.

Barndomsheimen til Garborg er i dag eit lite museum. Diverre kjem vi oss ikkje inn. Gjennom vindauget skimtar vi kammers med seng, ein stol og eit enkelt bord. Truleg er det møblar frå den tida da Arne; eller Aadne, som guten eigentleg vart kalla, veks opp i denne stova.






Sjølv om Arne Garborg kom til å bu andre stader det meste av sitt vaksne liv, beheldt han banda til barndomstraktene. Både i bøkene og i livet vendte Garborg ofte tilbake til Jæren. Eigedomen Knudaheio, ikkje langt unna Garborgheimen, vart skrivestove, særleg nytta om sommaren. Knudaheio er også teke vare på, som eit lite museum. Ei raudmala stove omgitt av ein versliten steingard. I hagen her er ekteparet Garborg gravlagt – eller rettare sagt: hauglagt.

Kvelden kjem. Da er vi tilbake på Bryne. På veg inn i kulturhuset. Bryne bibliotek til høgre for inngangsdøra. Ein liten museumsbutikk til venstre. Rett fram ein skranke og ei trapp opp til andre etasje. Her har Garborgsenteret fått plass.


Fargesterke ordklossar i mjukt materiale møter oss der vi kjem inn. Klossane er byggesett for ordhungrige ungar.  Samstundes synleggjer nettopp desse klossane kva Garborgsenteret er for noko: Eit oppslagsverk i 3 dimensjonar; der livet og arbeidet til Arne og ektemake, forfattar og nasjonsbyggjar Hulda, dannar utgangspunkt for eit breiare møte med omgrepet "samfunnsengasjement"; kva omgrepet famna om for hundre år sidan, og kva det famnar om i dag. Ulike innfallsvinklar får vi, gjennom ulike delar av utstillinga: Ord som "demokrati", "fridom", "kvinnefrigjering". Ord på skjermar, ord i skuffer, ord i skåp. Til og med under vatn i ein døypefont finn vi dei, ord-spora som Hulda og Arne let etter seg. Spora er mange - og dei er mangfaldige. Framstillinga av Garborg-paret sitt liv og virke får fram dei grunnleggjande spørsmål dei stilte, og baksa med, i ei tid der einsidig tru på autoritetar var langt meir utbreidd enn i dag. At dei våga å utfordre slike, som til dømes kyrkja, vert her tydeleg illustrert – ikkje minst ved den nemnde døypefonten.

Ord dreiar det seg om, også bokstaveleg: Eit diktarhjul: Ulike skiver utanpå kvarandre, som kvar inneheld ord, kan dreiast rundt og rundt som eit hjul. Når hjulet stansar blir ord til strofer, og til stutte dikt. I skuffene finn vi handskrivne brev, utkast til lyrikk- og prosatekstar. Jamvel også gåver. Ei snusdåse til dømes - visstnok ei gåve som Arne Garborg fekk da han fylte 55.

Sju ulike tema er utstillinga delt inn i: Litteraturen, ekteparet, demokrati, språk, livs- og samfunnssyn, modernitet og tradisjon, media. Utfordrande vil det alltid vere å skape engasjement omkring utstillingar som forsøker å visualisere så pass teoretiske tema. At Garborgsenteret likevel maktar det, vart eg overtydd om da eg fekk sjå innsatsen til den heller museumserfarne gjengen eg sjølv var ein del av denne kvelden. Museumsfolk er nok ikkje alltid dei enklaste å ha med på omvising. Men her koste dei seg verkeleg. Ikkje minst vakte dei digitale spørjeleikane stort engasjement.

Garborgsenteret sitt motto om å "læra ved å gjera" vart soleis ettertrykkeleg etterlevd denne januarkvelden på Bryne.

Noko frå diktsamlinga "Haugtussa", som Arne Garborg ga ut i 1895, høver etter ein slik dag. Her framfører Ketil Bjørnstad og Lynni Treekrem "Til deg, du heid og bleike myr ":





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar